NRK News Norway July 21, 2026 general

Apen Amadeus (31) rømte: – Var éin meter unna

Tysdag ettermiddag blei gjestene i Tangen dyrepark i Stange møtt av eit litt spesielt syn. Kvithandgibbonen Amadeus (31) hadde plutseleg bestemt seg for å utforske parken frå publikum si side av gjerdet. – Vi gjekk inn til der apekattane er og såg ut vindauget, og der stod apekatten på utsida. Da tenkte eg: «er ikkje det på utsida?». Da hadde den eine apekatten skjønt at straumgjerdet var av, og hoppa ut og gjekk rundt blant folk, seier Morten Nordhus. Far og dotter synest begge det var ei gøy og spennande oppleving. – Det var veldig magisk, seier dotter Linnea Isabel Andersson Nordhus. – Raskt på staden Assisterande dagleg leiar i parken, Preben Flaa, seier at Amadeus var ute på ein liten luftetur tysdag. Ifølge Flaa varte fridommen i cirka ti minutt, før 31-åringen kom seg tilbake sjølv. – Dyrepassarane våre var raskt på staden. Den har ikkje vore til fare for folk, forsikrar han. Dyreparken, som husar over 200 dyr fordelte på 30 artar, måtte delvis stengast ned mens rømminga gjekk føre seg. Måtte søke tilflukt Fleire av gjestene i parken fekk bokstavleg talt eit svært nært møte med parkens kjendis-ape – som tidlegare har vore i søkelyset til media på grunn av store samlivsproblem. Uansett intensjon førte den plutselege fridommen til litt høg puls hos dei besøkande. – Vi måtte kjappe oss å lukke døra, for han var éin meter unna kiosken her, fortel Kristian Toven. Han var i dyreparken med saman med onkelbarna sine og Dagfinn Toven, som er bestefar. – Vi var inne for å sjå på dyr og kose oss, og plutseleg var det ei ape på rømmen. Dei tilsette fortalde oss at dei aldri hadde opplevd før at den apa hadde rømt. Det blei litt småkaos der vi måtte skunde oss inn i kiosken, men elles gjekk det fint, seier Kristian. Etter å ha innsett at fridommen kanskje ikkje var alt han gav seg ut for, skal Amadeus ifølge gjestene ha prøvd å komme seg inn i buret igjen, utan hell. I staden enda han opp med å rusle litt rundt på området. – Han ville vel ha is, konkluderer Dagfinn. – Skjedde ein feil Preben Flaa opplyser at ein feil på gjerdet, som tydelegvis oppstod like før hendinga fann stad, førte til at Amadeus klarte å rømme. – Gjerdet blir sjekka fleire gonger dagleg, men dette er da noko som tydelegvis har skjedd nå, og som vi jobbar med. – Korleis klarte han å komme seg ut? – Dei er veldig flinke til å svinge og klatre, og når det da skjedde ein liten feil med det elektriske gjerdet, så oppdaga han det veldig fort. Da klarte han å komme seg ut ved å klatre på gjerdet. Det er ikkje meldt om at verken apekattar eller menneske kom til skade i hendinga.

~2 min read · 468 words